Frå Ålesund du. Jaja, eg frå Askvoll, ein time frå Førde. Tja veit ikkje heilt ka eg vil ha eg, kan no prøve å finne på noke
Litt om bilen då: Bilen er svart, har også skiguard 850 skiboks som er svart, heilt nye sommar dekk på orginale LX felgar, meget gode vinterdekk på alufelg.
Det er ikkje komplet servicehefte på bilen, men eg bytta alt av vesker på bilen når eg kjøpte den, motorolje og filter, automatolje og filter , olje på fordelingskasse,for og bakaksel (orginalolje). kjøleveske. Det er ingen tegn til svetting lekasje verken på for eller bakasling, samt motor eller fordelingskasse. Presis på styringa er den også.
Interiørmessig er bilen meget pen, utvendig er det litt riper(småting) Det er ikkje rust, veldig fin under også, litt overflaterust på foraksel.
Men eg trenger no ikkje å selge bilen, så det er berre å ta seg god tid. Det er heftelser på bilen, men dei vil bli sletta ved eventuelt kjøp.
Mvh Alexander Åsnes