Monterte min DTK chip frå Panoramiq AS i går. Det var lova frå 177 til 218 gampar, og frå 460 til 505 Newtonmeter. Eg opplevde det som ein auke frå 177 gampar til heile 177 gampar, medan momentet steig frå heile 460 Nm til imponerande 460 Nm. Min JK har berre gått 125 mil. Kanhende vil dette verte betre etter kvart. Kanhende vil ein heil hest kome til før sommaren er over, og kanskje i selskap med ein Nm eller to? Eg køyrer på 37" dekk, men hjerne og gear er kalibrert for dette med ein dings frå AEV.