Det begynte med at alle visarar på instr.panel gjekk til null,og alle varsellamper lyste. Motor gjekk greit. Stoppa motor og starta opp att,feilen vekk. Dette skjedde fleire gonger,men no har det utvikla seg til eit større problem: Bilen startar ikkje,gløding lyser ikkje,når eg slår på parklys kjem det på ute,men først etter nokre sekund inne på instr.panel. Same når eg slår av lyset,so sloknar det først etter ca 5 sekund inne på panel. Sentrallås og el.ruter virker ikkje. Temperaturvisning på display for varmeapparat ser ut som den har gått over på fahrenheit,det står 72. Radio har gått i demo-mode (uoriginal radio). Den sviver fint rundt på startar,og batteri er fullada. Fins det ein styresentral som er ein fellesnemnar for dette,og kvar skal eg eg leite..?